torsdag 13. november 2014

Ny blogg og "A beautiful mind"

Det første eg vil at dokker skal gjere er å opprette ein eigen blogg. Denne bloggen skal dokker bruke til å blant anna skrive oppgåver og refleksjonar rundt det me gjer i norsk fordjuping! Dokker går inn på ei nettside for blogg (blogg.no, blogger.com, blogspot.com...), og lagar ein eigen blogg.

Me er nå i gang med å sjå filmen - A beautiful mind (Et vakkert sinn). I det første blogginlegget dokkar skal dokker skrive litt om hovudpersonen. Korleis er han som person? Skriv eit avsnitt om dette. Ta det med ro, dokker får ikkje karakter på dette! ;-)

Om dokker vil skrive på nynorsk eller bokmål kan dokker velgje sjølv. Poenget med å lage ein blogg er at då er det lett å samle alt på ein stad, i tillegg til at dokker får øving i digital kompetanse og å skrive. Dokker kan dessutan gå inn på kvarandre sine bloggar å leggje igjen kommentarar. Skriving på blogg er ikkje vanlegvis så høydtideleg, så slapp av og skriv sånn som du har lyst til! Har du lyst til lå snike inn nokre innlegg på dialekt, så kjenn deg fri til å gjere det! Her er alt (det allar meste) lov! :-)

Lukke til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar