mandag 24. november 2014

Skriftleg innlevering

Det er no berre 4 veker igjen av skuleåret, og me må derfor skrive enda ein stil. Eit krav for å setje karakter i norsk fordjuping er to innleveringar og ein munnleg framføring. Me har til no ein innlevering og ein munnleg framføring, og kjem derfor til å bruke resten av skuleåret på ein skriftleg innlevering. Nedanfor har eg skrive forslag til oppgåvetekstar som dokker kan velgje frå. Om dokker har forslag til noko anna dokker vil skrive, så kjem gjerne med det til meg så kan me drøfte det :-)

1) Skriv ein filmrapport om filmen me nettopp har sett "A beautiful mind".

2) Skriv ein artikkel med utgangspunkt i psykisk helse. Du er fri til å velgje akkurat kva du vil skrive om, men kan til dømes ta utangspunkt i artikkelen nedanfor. Eit døme: Skriv ein artikkel kor du kjem med forslag til korleis man kan forebygge mobbing og sjølmord blant unge. Kva skal ein gjere dersom nokon slit?

http://www.vg.no/spesial/2014/odin/


3) Skriv ei novelle som tar utgangspunkt i ein person som har schizofreni (slik som mannen i filmen me såg hadde)


Lukke til!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar